USA fekk uventa pris på første dag av COP23

Måndag starta Klimaforhandlingane til FN, COP23, i Bonn i Tyskland. To representantar frå miljøorganisasjonen Spire, Iselin Paris og Fanny Pindsle er i Tyskland for å følge forhandlingane. Dei samarbeider med fleire organisasjonar og nettverk under forhandlingane, og har òg kontakt med den norske delegasjonen, samt Nordisk Ministerråd. Iselin og Fanny rapporterar frå COP23 i Naturpress.

- Annonse -
Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett

Dei første fire dagane ved COP23 i Bonn er unnagjort. To pristildelingar til høvesvis USA og Frankrike vart lagt merke til. 

Fyrst litt om tap og skade.

Omgrepet tap og skade tyder i samband med klimasaka den påverknaden frå klimarelaterte hendingar som oppstår trass i at ein har gjort tiltak for å redusere klimagassar, og at ein har tilpassa seg klimaendringar. Tap og skade kan kome frå bråe hendingar som til dømes syklonar, men også frå saktegåande prosessar som havnivåstigning.

WIM er akronym for Warsawa International Mechanism (for loss and damage), og er berre ei utviding av omgrepet tap og skade, og peikar attende på konferansen i Polen i 2013 (Warsawa) då dette vart nedfelt.

Eit land som til nå i COP23 særleg har sett tap og skade på agendaen er Fiji, og ein ser eit trykk frå særleg utviklingsland på at dette skal integrerast fleire stadar enn i WIM.

Eg har følgt ekstra med på GAP (Gender Action Plan), som saman med Urfolksplanen skal ferdigstillast under denne COPen. GAP har dei jobba med i heile år, særlig under ein workshop i vår i Haag, og under Intersessionals i Bonn i mai. Dei hadde visstnok litt startvanskar dei to første dagane, fordi Canada la fram eit nytt tekstforslag som kom i konflikt med teksten dei allereie hadde.

Men dette gjekk nokonlunde i orden på onsdag. Torsdag arbeidde dei med å kutte ned på teksten, som pr nå er altfor omfattande. Diskusjonane dreiar seg rundt kva som skal kuttast, og då vil nokre land kutte element som kostar pengar og som krev ny handling.

USA har vunne prisen Ray of the Day, ein pris som CAN (Climate Action Network) gir ut til nokon som har gjort noko eksepsjonelt (!) bra under forhandlingane på. Motsatsen til Ray of the Day er Fossil of the Day, og det er ein pris som går til dei som har gjort noko eksepsjonelt dårlig under forhandlingane.

Det er sjeldan dei gir ut Ray of the Day, og det er litt uklart kva den konkrete grunngjevinga for å gje den til USA er, men dette gjorde dei for å fokusere på at Trump ikkje står i vegen for COP. Samstundes er det for å vise støtte til dei amerikanske delstatane, sivilsamfunnet og næringslivet som har sagt at dei vil arbeide for å nå klimamåla uansett om USA trekk seg ut frå avtalen eller ikkje.

Frankrike vant Fossil of the Day på onsdag, fordi dei braut energy-transition-lovnaden sin frå Paris. Dette er ein fossilpris som nok kan svi litt og ha betydning, særleg for eit land som ser på seg sjølv som leiande i klimaregimet.


Foto: Privat, Iselin Paris

- Annonse -