Besteforeldrene fekk Hordaland fylkes miljøpris

- Annonse -
Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett

Besteforeldrenes klimaaksjon (BKA) har fått Hordaland fylkeskommune sin miljøpris for 2018.

BKA skriv om dette på sine eigne nettsider. Prisen er på 50.000 kroner, og i si grunngjeving seier juryen at «Besteforeldrenes klimaaksjon engasjerer befolkninga til å ta ansvar for miljøet. Dette skjer gjennom arbeidet med å endre åtferd og haldningar, med konkrete miljøsaker og ved å ta del i markeringar, debatt og politiske val, både lokalt og på landsbasis.»

– Dette er ein verdig vinnar. Dei sloss for både barnebarn og fellesskapet på tvers av generasjonar og gjer eit framifrå arbeid, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun då prisen  vart delt ut under eit fylkestingsmøte nyleg.

BKA lovar at pengane kjem godt med og at dei skal brukast til forsterka innsats.


 

- Annonse -