torsdag, juli 18, 2019
Hjem Notiser Næringsministeren stiller på folkemøte i Kvalsund om gruvedrift

Næringsministeren stiller på folkemøte i Kvalsund om gruvedrift

257

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen deltek måndag 8. april på folkemøte i Kvalsund om oppstart av koparutvinning i kommunen, melder Nærings- og fiskeridepartementet.

Bakgrunnen er at Nussir ASA 14. februar 2019 fekk løyve til utvinning av Repparfjord koparforekomst i Kvalsund kommune.

“Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen vil snakke om gruveetableringas betydning for Finnmark og Norge, og korleis utvinning av kopar bidreg i det grøne skiftet”, heiter det i førehandsmeldinga. Det vil også bli presentasjonar av Nussir ASA og DNV-GL. Til slutt blir det tid for spørsmål og debatt.


Annonse