Rushtidstilbodet på Østfoldbanen kan bli utvida

- Annonse -
Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett

– Regjeringa vil gjere togtransport meir attraktivt i og mellom dei store byområda. Eg er oppteken av at dei reisande skal få eit betre togtilbod, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Dale har bede Jernbanedirektoratet om å sjå på moglegheitene for å utvide rushtida på Austlandet.

– Vi skal no gå igjennom vurderinga frå Jernbanedirektoratet, som tilrår å auke rushtidtilbodet noko, ikkje minst på Østfoldbanen, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Jernbanedirektoratet fekk i mars i år i oppdrag å sjå nærmare på moglegheita for å utvide togtilbodet med høgare frekvens i større deler av driftsdøgnet enn i dag, primært gjennom ei utviding av rushtidsperioden på Austlandet. Bakgrunnen var den sterke auken i talet på togreiser dei siste åra, og framskrivingar for folkeveksten som indikerer behov for eit styrkt togtilbod i åra framover.

Vurderingane til Jernbanedirektoratet har tatt utgangspunkt i eksisterande infrastruktur og dagens togmateriell. I arbeidet har Jernbanedirektoratet hatt dialog med Bane NOR og Vy. Rapporten viser at tilbodsforbetringane kan tre i kraft delvis i 2020 og i 2021.

– Vi vil no gå gjennom rapporten med sikte på å utvide tilbodet til dei pendlande, seier Dale.

Du kan lese rapporten frå Jernbanedirektoratet her.


 

- Annonse -