1000 statistisk utvalde innsjøar skal undersøkast denne hausten for å oppdatere oversikta over miljøtilstanden (Foto: Liv Lang-Ree, NIVA).
- Annonse -
Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett

Effektar av ureina luft og nedbør på vassressursar skal no følgjast opp gjennom ei undersøking av om lag 1000 innsjøar i heile Noreg. Det er NIVA som skal gjennomføre undersøkinga på oppdrag frå Miljødirektoratet.

Som eit ledd i Miljødirektoratet sitt arbeid med å halde oversikt over miljøtilstanden i norske innsjøar er det tidlegare gjennomført tre store undersøkingar i Noreg.

Den fyrste vart gjennomført i tre etappar med 155+153+719 innsjøar i 1974-1975. Den andre vart gjort hausten 1986, då vart det samla inn vassprøver frå 1005 norske innsjøar. Hausten 1995 vart den hittil siste undersøkinga gjennomført, den gongen vart det teke vassprøver frå 1500 innsjøar. Av desse vart 500 òg undersøkt i 1986, og her var formålet å sjå utviklinga i vasskjemi sidan 1986. Men det vart òg gjort eit statistisk utval på 1000 sjøar frå kvar region i landet, som skulle gje eit representativt bilete av vasskjemien i heile Noreg.

I 2019 har Miljødirektoratet bestemt at dei 1000 statistisk utvalde innsjøane frå 1995-undersøkinga skal undersøkast på nytt denne hausten for å oppdatere oversikta over miljøtilstanden. Det er status og utvikling i forsuring og næringstilhøve som er sentrale tema. Undersøkinga i år skal i størst mogleg grad gjerast likt med den i 1995, for så å samanlikne data.

Har skjedd store endringar

Den faglege bakgrunnen for undersøkinga er at det har skjedd store endringar i viktige miljøfaktorar dei siste 20-30 åra.
Sur nedbør har gått kraftig attende. I takt med redusert sur nedbør har og konsentrasjonar av kalsium og magnesium gått ned, og i MD fryktar ein at dette enkelte stader kan ha gjeve marginal vasskvalitet for fisk og anna liv.
Langtidsdata frå overvaking viser og aukande humusinnhald i vatn, og også dette har vore knytt til reduksjonen i sur nedbør. Klimaet har vorte varmare og det har vore meir hyppige episodar og periodar med ekstremvær, til dømes tørka i Sør-Noreg i fjor sommar.

Ein veit ikkje nok om korleis det står til med vasskvaliteten på nasjonal skala i dag, skriv MD.

Brukar helikopter – må ha løyve i verna område

Av omsyn til effektiv gjennomføring skal flest mogleg av innsjøane prøvetakast frå lufta med helikopter, og NIVA har bedt landets kommunar om landingsløyve for dette. Det er Helitrans som skal utføre tenestene. Fleire av innsjøane ligg i verna områder i høgfjellet, og her har ein henta inn løyve frå vernestyresmaktene. Omsyn til vilt og reinsdyr skal óg takast.

Landingsløyva gjeld i hovudsak for tidsrommet frå 15. september 2019 og fram til 1. desember 2019. Prøvetakinga har allereie starta i nord og i høgfjellet i siste halvdel av september.


Denne artikkelen er bygd på ei tilnærma uredigert pressemelding fra Miljødirektoratet.

- Annonse -