Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Grøn agenda Vestlandet

mai 3 | 15:00 - 18:00

Tid: Torsdag 3. mai, 15:00 – 18:00

Vil du bli oppdatert på nokon av Vestlandets mest spanande verdiskapingsprosjekt som både kan gi utsleppskutt og nye arbeidsplassar? Då bør du melde deg på «Grøn agenda Vestlandet» som finn stad på Stord torsdag 3. mai kl. 15:00 – 18:00. Seminaret er gratis.

Gå til påmelding her.

På seminaret blir det presentasjonar av utvalde grøne verdiskapingsprosjekt som det i dag vert jobba med på Vestlandet.  Vista Analyse vil legge fram ein analyse av ringverknadene for regionen om prosjekta lukkast.

Leiande aktørar frå næringsliv, industri og politikk vil innleie og samtale om klima og omstilling – og konsekvensar for næringslivet. Vi spør:

  • Kva rammer set klimaendringane og energiomstillinga globalt for det vestlandske næringslivet?
  • Korleis posisjonerer maritim sektor, kraftbransjen og industrien seg for framtida?
  • Korleis kan vi bruke vasskraftressursane våre til ny verdiskaping?
  • Kva bør vere ansvarsfordelinga mellom politikk og næringsliv i den omstillinga vi står overfor?

Seminaret finn stad i SKLs hovudkontor på Leirvik, Stord.  Adresse er Lønningsåsen 2 (sjå kart).

For tilreisande frå Bergen er det i tillegg til bil og ferje mogleg å reise med snøggbåt (kl. 12:10 frå Bergen sentrum eller 12:40 frå Flesland kai) og buss (kl. 12:00 fra busstasjonen og kl. 12:15 frå Nesttun).  Det går også buss tilbake til Bergen kl.18:00 frå Leirvik. Fleire rutetider finn ein på Skyss sine nettsider.

PROGRAM

Velkomen
John Martin Mjånes, adm. direktør, Sunnhordland Kraftlag

Klimaendringanes tid – moglegheiter for norsk næringsliv
Terje Osmundsen, grunnlegger og adm. direktør, Empower New Energy AS.

Vasskrafta – Vestlandets grøne konkurransefortrinn
Ingrid von Streng Velken, konserndirektør, innovasjon og utvikling, BKK 

Ei verd i endring – slik posisjonerer vi oss 
Samtalepanel:

  • Steinar Røgenes, verftsdirektør, Kværner på Stord
  • Gunn Margareth Lassesen, direktør for kommunikasjon og kundetjenester, Haugland Kraft Nett
  • Lars Jacob Engelsen, viseadm. direktør, Norled

Klimapartnarar – eit nettverk for ein grønare region
Helene Frihammer, prosjektleiar, Klimapartnar Hordaland

PAUSE

Prosjektpresentasjonar

Hurtigbåten – frå versting til forbilde
Elisabet Kjerstad Bøe, prosjektleiar hydrogen, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Fiberkabel skal lokke datasentre
Kjetil Barkved, regionutviklar, Ryfylke IKS 

Resirkulert grøn energi
Sigmund Lier, ordførar i Tysvær kommune, Energiprogrammet Norwegian Clean Energi Cluster

Trådlaus ferjelading mens du køyrar om bord
Ingve Sørfonn, Wärtsila

Ringverknadsanalyse for Vestlandet
Jens Furuholmen, samfunnsøkonom, Vista Analyse 

Korleis kan det offentlege spele på lag med omstillinga
Kommentarar og samtale med stortingsrepresentantane Liv Karin Eskeland (H),  Magne Rommetveit og Marie Launes (Maritime Cleantech)

 SLUTT

Velkomen!

Detaljer

Dato:
mai 3
Tid
15:00 - 18:00

Arrangør

http://klimastiftelsen.no/

Sted

Leirvik, Stord