Statsminister Erna Solberg og Colombias president Juan Manuel Santos i Amazonas. Foto: Klima- og miljødepartementet
- Annonse -

Colombia er eit av Noregs hovudsamarbeidsland for vern av tropisk regnskog, og landets regnskog dekkjer meir enn 600.000 kvadratkilometer. Meir enn halvparten av Colombias klimautslepp kjem fra avskoging og landbruk.

– Eg er svært glad for at det norske klima- og skogsamarbeidet blir forlenga. Under president Santos har Colombia teke ei rekkje kraftfulle grep for å redusere avskoginga i landet – på et kritisk tidspunkt i fredsprosessen. Med dagens felleserklæring ynskjer vi å støtte opp om vidare innsats for å ta vare på Colombias verdfulle regnskog også etter Santos-administrasjonen, seier statsminister Erna Solberg i eit innlegg på sidene til klima- og miljødepartementet.

Colombias har som målsetting å stanse tap av naturskog innan 2030. Frå norsk side ligg det føre ein intensjon om å betale for reduserte utslepp frå skog med opptil 400 millionar kroner årleg fram til 2025, med moglegheit for forlenging til 2030.

Ein føresetnad for utbetaling er mellom anna at Colombia kan syne til uavhengig verifiserte utsleppsreduksjonar som følge av at den tropiske regnskogen får stå i fred, heiter det i meldinga frå KLD.

Kan bli avtalenorm for bruk i Parisavtalen

Detaljar i avtalen vil bli forhandla fram etter Colombias regjeringsskifte i august, men Colombia har lova at detaljane skal vurderast av uavhengige internasjonale ekspertar slik at avtalen kan setje ei internasjonal norm for samarbeid under Paris-avtalen.

Colombias president Juan Manuel Santos uttalar dette i samband med avtalelanseringa:

– Vern av skogane våre er i Colombia si nasjonale interesse og kan kombinerast med ei meir likeverdig og berekraftig utvikling. Avskoginga øydelegg for å nå desse måla. Det er difor vi kjempar så kraftfullt og målretta mot den auka avskoginga. Vi har vedteke og gjennomfører ei rekkje umiddelbare tiltak i dei mest sårbare områda, samt tek langsiktige grep for å stanse utviding av landbruksgrensa. Vi vil beskytte miljøgevinsten av fredsprosessen.

Kriminelle grupper har leia til avskoging og skogbrannar

Colombia, Noreg, Storbritannia og Tyskland inngjekk ei avtale om klima- og skogsamarbeid under klimatoppmøtet i Paris i 2015, og erklæringa byggjer på denne.

KLD påpeikar at samarbeidet blir utvida på eit kritisk tidspunkt der presset på skogen aukar i mange tidligare konfliktområde. Kriminelle grupper har fylt vakuumet etter FARC-geriljaen og bidrege til storstilt avskoging og skogbrannar.

– Auken i avskoginga er svært bekymringsfull og må møtast med kraftige verkemiddel. Dette har vore eit sentralt tema under besøket. Santos’ administrasjon tek situasjonen svært alvorleg og har allereie sett i gong ei lang rekkje viktige tiltak i dei mest utsette regionane, seier den norske statsministeren.

Colombia har ifølgje KLD blant anna sett i gong ein storoffensiv av miljømyndigheiter, politi- og forsvarsinnsats, både nasjonalt og i dei mest utsette regionane.

LES OGSÅ: Høyesterettsdom i Colombia kan bli historisk viktig for regnskog i Amazonas

Urfolks rettar gir regnskogvern

Colombias president Santos lanserte under Amazonas-besøket eit dekret – etterlengta i 20 år – som skal gje sterkare sjølvstyre i tradisjonelle urfolksområde. Over halvparten av colombiansk Amazonas ligg i urfolksterritorium. Urfolks auka innverknad og at landrettane deira blir respekterte, er sett på som ein av dei beste måtane å verne Amazonas-regnskogen.

Eit anna initiativ har kome frå den colombianske landbruksministeren, som har varsla ein resolusjon om stans i utviding av landbruksgrensa. Det inneber at det ikkje er lov å bruke område som er avskoga etter 2010 til landbruksformål.

– Vern av skog må til for å nå verdas klimamål 

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen, som også er med på det offisielle besøket i Colombia, seier at utan storstilt skogplanting og stans i avskoging når vi ikkje klimamåla i Parisavtalen.

– Dagens erklæring med Colombia sender eit viktig signal om at vern av skog er avgjerande for å nå verdas klimamål. I tillegg er Colombias skogar spesielt rike på biologisk mangfald, kun overgått av Brasil, seier Elvestuen.


-Annonse-

 

 

 

 

 

- Annonse -