Frode Pleym, leiar i Greepeace: – Regjeringa torpederer si eiga klimasatsing gjennom å la oljeselskapa få leite etter meir olje og gass. Det heng ikkje på greip. Foto: Naturpress / Pixabay.
- Annonse -

– Det er berre litt over ei veke sidan regjeringa la fram ein klimaplan for å kutte utsleppa og nå måla i Parisavtala. Nå fortset dei å torpedere si eiga klimasatsing gjennom å la oljeselskapa få leite etter meir olje og gass. Det heng ikkje på greip, seier Frode Pleym, leiar i Greenpeace Noreg.

19. januar delte Olje- og energidepartementet ut 61 nye oljeløyve gjennom TFO-ordninga.

Greenpeace reagerer sterkt på at dette skjer. Organisasjonen viser i si pressemelding mellom anna til ein nyleg publisert forskningsartikkel som viser at det står dårlegare til med tilstanden for klimaet og naturmangfaldet på jorda enn det ein tidlegare har trudd. Frode Pleym meiner regjeringa må ta innover seg at varsellampene blinkar: 

– Store ord frå regjeringa om å sikre naturen vår må omsettast i handling. Olje- og energiminister Tina Bru øydelegg for regjeringa ved å tillate meir oljeleiting. 

Fryktar for korallreva

Pleym reagerer på at regjeringa med denne TFO-runden har gitt utvinningsløyve nær området i Lofoten som er politisk stengt for oljeboring, og at ein nå «omringer Lofoten».

– Naturen kjenner ikkje grensene til regjeringa. Dersom det skjer ei ulykke sør for Lofoten kan havstraumane frakte oljesøl nordover inn i områda som politikarane vil ta vare på. Her gir regjeringa klarsignal for oljeboring svært nær sårbar natur som Trænarevet, og det er skammeleg, seier Pleym.

Områda ved Eggakanten sør er nå opna for oljeleiting. Greepeace peikar på at Miljødirektoratet i sitt høyringssvar har trukke fram at ein her må vere varsam, mellom anna av omsyn til korallreva.

- Annonse -

– Med dette vedtaket har regjeringa opna for framtidig oljeleiting ved Eggakanten. Dette er definert som sårbart og verdifullt, og har korallrev. Noreg må ta vare på sin internasjonalt verneverdige natur, ikkje utsette den for trugsmål som oljeboring, seier Pleym.

Vil avvikle TFO-ordninga

Det blir også vist til at både Havforskningsinstituttet og Norsk Polarinstitutt i sine høyringssvar på ny har kritisert TFO-ordninga, og at institutta meiner prosessen ivaretek miljøet på ein dårleg måte.

– Heile TFO-ordninga bør avviklast. Tanken bak den var å dele ut løyve til oljeleiting nær eksisterande infrastruktur og i kjente område. Dei siste åra har vi sett at ordninga blir grovt misbrukt og at det er oljeinteressene som rår. Sårbar natur blir kasta under bussen av olje- og energidepartementet, som gjennomfører tildelinga i ein svært lukka prosess utan å bry seg om miljøfaglege råd, seier Frode Pleym i Greenpeace.

«Stor interesse frå selskapa»

Ifølge Olje- og energidepartementet (OED) er det stor interesse blant oljeselskapa for tilgang til nye leiteareal. I meldinga som er lagt ut på OED sine sider, er ikkje nærleiken til korallreva omtalt, og heller ikkje kritikken frå Havforskningsinstituttet og Norsk Polarinstitutt.

Departementet skriv at mogleg skade på naturmiljøet er avgrensa til større akuttutslepp av olje. Det vert hevda at sannsynlegheit for oljeutblåsing er svært låg, og at det vert stilt strenge krav til oljevernberedskap for å redusere konsekvensane om utslepp skulle skje.

NU-leder Therese Hugstmyr Woie. Foto: Thor Due/Natur og Ungdom.

Woie, NU: – Dette gjer omstillinga endå vanskelegare

Også Natur og Ungdom reagerer på TFO-tildelingene, og skriv at dei hadde håpa at koronasituasjonen fekk regjeringa til å tenkje nytt. Organisasjonen har tidligere krevd at ordningen avviklast.

– Eg hadde håpa at regjeringa tok ansvar for å skape fornybare arbeidsplassar. Når samfunnet nå byggast opp etter pandemien må det gjerast gjennom næringar som også taklar dei endå større utfordringane – klimakrisa og naturkrisa. Men nei, her skuffar regjeringa nok ei gong, seier leiar Therese Hugstmyr Woie.

– Det er skummelt at denne regjeringa delar ut så mange nye lisensar for å oppretthalde samme høge utvinningstempo i Noreg. Dette gjer oss avhengige av olje og gass i mange tiår framover, og gjer omstillinga ende mer forseinka, endå dyrare, og endå vanskelegare å gjennomføre, seier Hugstmyr Woie. 


- Annonse -
Vil du annonsere her?